5.2.19

Engelsksjuka i Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet



Innlegg i Dag og Tid, fredag 18. januar 2019.

I Dag og Tid 11. januar gjev John Peter Collett ei analyse av korleis politikarar og lærarar har skifta på å ha ideologisk hegemoni over skulen etter 1945. Eg er samd i framstillinga hans, men vil skyta inn eit perspektiv som Collett manglar: engelsksjuka i Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet.
Internasjonaliseringa av Noreg skjedde breitt på 1990-talet, med EØS-avtala som ein sentral drivar, samstundes med at OECD og EU sette i verk strategiar for å effektivisera utdanningssystema og å tilpassa dei til marknadsstyrte samfunn.
Toppane i skulebyråkratiet vendte seg til OECD, EU og trendsetjande forskarar frå engelskspråklege land når premissane for utdanningspolitikk og læreplanar skulle formast. Med det tok dei òg den profesjonelle integriteten frå dei norske lærarane og lærarutdannarane: Dei veit ikkje kva elevane skal læra og korleis dei skal læra det – det er det me som gjer!
Men kor fornuftig er det å bruka internasjonal viten om utdanning som er lausrive frå kunnskap om skulen sin spesifikke nasjonale og lokale kontekst, som premiss for ein nasjonal skulepolitikk som òg skal styra den lokale pedagogiske verksemda?
Det såkalla PISA-sjokket i 2000 var meir enn ei konstatering av at norsk skule i beste fall var middelmåtig. PISA vart eit ideologisk verktøy til å diskreditere skulesystem som mange hadde vore stolte av, for heller å rydda veg for eit resultat- og nytteorientert system med det tomme omgrepet "kvalitet" som mantra. Dette skjedde overalt kor PISA vart premiss for kritikk av skulesystemet, hevder Margareta Serder og Malin Ideland i artikkelen "PISA: Problemet med en metaundersøgelse" (2015).
Den nasjonale skulen vart etter den nye OECD-målestokken "mangelfull" på alle vis, prega som han var av "mangelfull undervisning", "mangelfull lærarutdanning" og elevar med "mangelfull kompetanse". I eit anna sanningsregime, der ein annan type viten var målestokk for prøver og målingar, kunne biletet av skule, elevar og lærarar vore teikna heilt annleis.
Den OECD-/EU-drivne kortslutninga er at utdanninga må effektiviserast ved å konsentrerast omkring stadig færre kunnskaps- og dugleiksområde, såkalla "21st Century Skills". Ideologisk sett byggjer dette på hypotesen om at ein meir spartansk innretning av utdanninga vil gje det mest (økonomisk) effektive utbyttet av investeringane i skulesystemet.
Sosiale og emosjonelle dugleikar skal lærast og vert utvikla gjennom arbeidet med faglege dugleiksmål, key competences og skills, og er nærast for biverknader av arbeidet med faga i skulekvardagen å rekna. Når alt kjem til alt, er det difor kompetansemåla i faga som er i sentrum, ikkje danning, personlegdomsutvikling og kulturell integrasjon.
Her kan vi trygt seia at danninga til elevane og den personlege utviklinga deira innanfor ein historisk-kulturell horisont ikkje er i sentrum. John Peter Collett treff i så måte blink når han spissformulert skriv at læreplanutkasta mest av alt liknar treningsprogram for digitale robotar.

Ingen kommentarer: