24.11.11

Berre ein norskkarakter?

Papirpublisert i Norsklæreren 1/2011

Utdanningsdirektoratet har sagt ja til at Kongsbakken kan gjennomføre forsøk med ein karakter i norskfaget. Dei elevane som omfattast av forsøket, er elevane på Vg1 skuleåret 2010-2011 og Vg2 skuleåret 2011-2012. Før me går inn på dei praktiske sidene ved gjennomføringa av forsøket, skal me sjå nærmare på bakgrunnen og argumentasjonen for det.

I. Problemet ligg i tradisjonen
Den gjeldande norsklæreplanen for dei studieførebuande utdaningsprogramma i Kunnskapsløftet er innretta mot om lag seksti kompetansemål som kan brytast ned til tre hovudkategoriar: 1. Eleven skal ha dugleik i tekstanalyse. 2. Eleven skal kunne formidle seg munnleg og skriftleg på nynorsk og bokmål. 3. Eleven skal ha kunnskap om norsk og nordisk språk- og kulturhistorie i eit internasjonalt perspektiv.

Om ein legg vurderingssystemet for Kunnskapsløftet-læreplanen for norskfaget til grunn, står det fram som ein anakronisme: Vurderinga i norsk er innretta mot ein læreplan frå eit tilbakelagt stadium i samfunnsutviklinga. Etter denne læreplanen skulle eleven dokumentere dugleik på tre formidlingsområde med tre sjølvstendige karakterar: bokmål, nynorsk og munnleg.

Ein årsak til denne tredelinga var at den nasjonale frigjeringskampen mot dansk kulturelt herrevelde skulle vinnast gjennom lese- og skriveopplæringa i skulen. Ettersom både landsmål og riksmål hadde fått status som nasjonale skriftspråk, måtte ein samstundes harmonisere dei nasjonalspråklege motsetnadene.

På denne harmoniseringslina finn me mellom andre Jørgen Løvland som ein sentral politisk aktør. Han var ein pådrivar for jamstilling av landsmål og riksmål, noko han fekk realisert i 1885 og tydeleggjort gjennom innføringa av hovudmåls- og sidemålsstilen til examen artium i 1907.

Ei tilsvarande harmonisering av den nye læreplanen og det gamle vurderingssystemet mangla ved innføringa av Kunnskapsløftet. Her blei til overmål sidemålseksamenen fjerna som obligatorisk prøve for avgangselevane på dei studieførebuande utdaningsprogramma. Den manglande harmoniseringa av læreplan og vurderingssystem har gjort at elevane våre i praksis blir vurdert etter ein idealistisk 1907-struktur i arbeidet deira med å oppfylle kompetansemål for 2010-tallet.

II. Argumentasjon for ein norskkarakter
Den styrande regelen for vurderingssystemet i norsk skule står i § 3-3 i den nye vurderingsforskrifta til opplæringslova: Grunnlaget for vurderinga i fag er dei samla kompetansemåla i læreplanen for faget. Korleis skal ein så gå fram for å oppfylle dei forskriftsfesta forventingane om ei samla kompetansemålvurdering i eit fag med tre karakterdisiplinar?

Gjengs praksis i norskfaget er at elevane blir prøvd i ulike læreplanmål ved at læraren fordeler kompetansemåla på dei tre karakterdisiplinane etter ein uskriven tradisjon frå det gamle vurderingssystemet. Elevane skriv to lengre oppgåver på kvart av skriftspråka og har to munnlege vurderingssituasjonar som grunnlag for kvar halvårsvurdering. Gjennom desse seks vurderingsgrunnlaga som elevane produserer to gongar i skuleåret, skal så alle kompetansemåla i faget på det aktuelle trinnet vere dekte.

I ein slik praksis slik at fleire av kompetansemåla blir prøvd på meir enn eitt karakterområde, som dugleiken til i å ”analysere tekster i ulike sjangere for å kunne ta stilling til spørsmål tekstene tar opp og verdier de representerer”. Dermed kan dette og andre kompetansemål, som å kunne ”gjøre rede for viktige utviklingslinjer og noen sentrale forfatterskap i norsk og europeisk litteratur fra middelalderen til og med romantikken og denne litteraturens forhold til øvrig europeisk kulturhistorie”, vere grunnlag for karakter i både hovudmål, sidemål og munnleg.

Formelt sett kan det vere galt å fordele læreplanmåla i norsk på tre karakterar på denne måten. Det skuldast at ein da let eit avgrensa utval kompetansemål vere grunnlag for halvårs- eller sluttkarakterar, til dømes for ein nynorskkarakter til standpunkt på Vg3 på utdaningsprogrammet for studiespesialisering.

Ei slik kompetansemålavgrensande karakterinndeling harmonerer dårleg med forventingane i den nye vurderingsforskrifta i § 3-3. Utdanningsdirektoratet understrekar i eit rundskriv at ”kompetansemålene må ses i samanheng, og at det ikke er adgang til å vurdere kompetansen i forbindelse med standpunktkarakter bare på grunnlag av et utvalg av kompetansemålene” (Udir-1-2010: 12). Her kan ein spørje om ikkje ei slik utsegn føreset at norskfaget er eitt fag med ein læreplan og ein karakter?

Om læraren ikkje skulle fordele kompetansemåla på dei tre karakterdisiplinane, og samstundes skulle forstå kravet i § 3-3 bokstaveleg, blei resultatet at vurderinga av eleven etter dei samla kompetansemåla i læreplanen, vil måtte gå føre seg på alle tre karakterområda samstundes. Det vil til dømes seie at Vg3-elevane først skal kunne vise kompetanse i å ”drøfte sider ved norsk språkpolitikk og kulturutvikling i et globaliseringsperspektiv” på hovudmålet sitt. Så skal dei prestere det same på sidemålet, før dei endeleg får dokumentere at dei også i faget munnleg norsk kan drøfte sider ved norsk språkpolitikk og kulturutvikling i eit globaliseringsperspektiv.

Det vil vere lite rasjonelt, og det kan heller ikkje vere Utdanningsdirektoratets meining at praksis skal vere slik, all tid norskfaget da blir for tre fag med ein læreplan å rekne.

III. Forsøket på Kongsbakken
I karakterforsøket på Kongsbakken har me teke utgangspunkt i at norskfaget er eitt fag med ein læreplan. Vg1-elevane skal delta i prosjektet inneverande skuleår og som Vg2-elevar neste skuleår. I samsvar med lov, læreplan og vurderingsforskrift har norsklærarane på Vg1 delt kompetansemåla i læreplanen inn i tre kunnskaps- og dugleiksområde: 1. Kunnskap. 2. Lesing og analyse. 3. Formidling. Formidlinga skal vere munnleg og skriftleg på hovudmål og sidemål, og den skal vere sjangerorientert.
Norsklærarane på Vg1 har på dette grunnlaget utarbeidd ein progresjonsplan som viser kva for kompetansemål som ligg til grunn for fire arbeidskrav eller vurderingsgrunnlag med karakterar i kvart halvår. Dei fire vurderingsgrunnlaga omfattar to skriftlege arbeid der elevane får vist kompetanse i å skrive sjangerbestemt på bokmål og nynorsk.

I tillegg til desse to skal det vere eit munnleg vurderingsgrunnlag der elevane også får vist kompetanse i å lage samansette tekstar. Det siste av dei fire vurderingsgrunnlaga for ein halvårskarakter i norsk er ei prøving av elevane i kompetansemål som er retta mot kunnskapsstoffet i norsk. Dei fire arbeidskrava veg i prinsippet like mykje, i den forstand at ein elev normalt ikkje kan få karakter i faget utan å ha dokumentert kompetanse i dei måla som er dekka av dei fire vurderingsgrunnlaga.

Lærarane på Vg1 har inntrykk av at elevane så langt ikkje reflekterer stort over karakterforsøket dei deltek i. Dei er klare over at forsøket går føre seg, men utover det kjem dei ikkje med særlege synspunkt på dette. Det er heller ingen elevar som har reservert seg mot å delta, og Vg1-lærarne finn også grunnar til å tru at elevane kan ha ei friare innstilling i arbeidet med faget ettersom vurderingspresset er mindre enn til vanleg i norskfaget. Vg1-lærarane meiner elles at dei sjølve har fått større fagleg og pedagogisk spelerom ettersom vurderingsmengda er gjort meir straumlineforma og redusert med 30 %.

Forsøket har også gjeve større rom for elevmedverknad ved at undervisninga i større grad kan skje som opplegg etter innspel frå elevane. Desse innspela har ein tidlegare ofte sagt nei til, fordi dei ville ta for lang tid. Ettersom Kongsbakken ikkje har vore i nærleiken av å skåre like høgt på faktoren "Medbestemmelse" i Elevundersøkinga som på eksamenskarakterresultat i Skoleporten, er det oppløftande at Vg1-lærarne no også ser ut til å kjenne seg friare til å gjennomføre tidkrevjande opplegg som elevane liker godt. Det ville sannsynlegvis ikkje blitt tid til slike opplegg i det gamle vurderingsregimet.

Så å seie alle Kongsbakken-elevane har bokmål som hovudmål, og ved lanseringa av prosjektet fekk prosjektleiinga kritiske merknader frå fleire hald om at nynorsken ville tape på ei vurderingsordning med ein karakter. Vg1-lærarene våre meiner på si side at nynorsken ikkje har kome i bakgrunnen i faget på grunn av dette forsøket. Den nemnte kritikken har nok gjort sitt til at lærarane er særleg medvitne om at nynorskarbeidet til elevane må tydeleggjerast i dette prosjektet.

Som fagleg ansvarleg for karakterprosjektet er eg derfor ikkje redd for at nynorsken skal få for liten merksemd – det ser snarare ut til at det kan bli tvert imot. Eg tenkjer heller som så, at me må vere minst like merksame på alle dei andre kompetansemåla som elevane skal arbeide mot, eit arbeid mot resultat som vurderinga i norskfaget skal dokumentere.

IV. Berre ein norskkarakter?
Med berre ein karakter i norskfaget ser me for oss at elevar og lærarar raskt skal merke at kvalitet kjem føre kvantitet. Samstundes skal me byggje den manglande brua mellom læreplanen og vurderingssystemet i norskfaget.

Det er ein klår føresetnad for forsøket at forsøkselevane skal stille likt med andre elevar i konkurransen om elevplassane på neste nivå. Dette kan skje ved at halvårskarakteren som forsøkselevane får i norsk ved avslutninga av Vg1 og Vg2, multipliserast med tre ved opptaka til Vg2 og Vg3. Det vil også vere mogleg for elevar å reservere seg mot deltaking i forsøket. I slike høve skal det ordinære vurderingssystemet nyttast.

Saman med Fana gymnas skal no Vg1-elevar og norsklærarar ved Kongsbakken vere med på eit svært interessant forsøk, fagleg sett. Dei skal gjeve dei nasjonale utdaningsmyndigheitene eit røynslegrunnlag for ei endeleg avgjerd om vurderingssystemet i norsk – er det nok med berre ein karakter i norsk på dei studieførebuande utdaningsprogramma i den vidaregåande skulen?