29.3.19

Degraderinga av læraren


Papirpublisert i Dag og Tid nr. 12, 22. mars


Gjennomgangsmelodien i norsk skulepolitikk dei siste 20 åra har vore å atterreise kunnskapsskulen. I den skulle læraryrket vere ein profesjon med sterk pedagogisk og fagleg autoritet. Omkvedet har elles vore at skulen treng ein reformpause. 

Likevel: Denne veka la kunnskapsministeren eit heilt nytt læreplanverk ut på høyring. I høyringsdokumenta fell alle dei store orda om kunnskapsskulen og lærarane som skal ta Noreg trygt inn i ei uviss framtid, like flatt til jorda som Potemkins kulissar.

I fagfornyinga vert læraren heller offisielt degradert frå ein sentral formidlar av kunnskap om verda til ein som legg til rette for at elevane på eiga hand kan utforske verda og tileigne seg kunnskap frå fag, kultur og tradisjon.

Det er med andre ord ikkje berre faga som skal fornyast, men elev- og lærarrollene òg, går det fram av forventingane i høyringsdokumenta.

Dei nye rollene
Her fylgjer nokre døme frå framlegget til ny læreplan i norsk for Vg1 på studieførebuande utdanningsprogram, der planen klargjer på kva måtar elevar viser kva dei har lært: «Elevene viser kompetanse (…) når de uttrykker seg kreativt, og når de utforsker faglige emner med kritisk bruk av kilder og presenterer dette i muntlige og skriftlige tekster med god struktur og sammenheng. Elevene viser kompetanse når de bruker kunnskap om språket som system til å utforske og sammenligne språk, og når de reflekterer kritisk over egen og andres bruk av appellformer.»

I den nye elevrolla skal dei unge altså vere kreative, utforskande og kritisk reflekterande i møte med kunnskapsemne og kulturuttrykk, men òg sjølvstyrte elevar med høgt medvit om sine eigne lærings- og danningsprosessar.

Korleis påverkar dette lærarrolla? Kva skal lærarane gjere for å verkeleggjere denne elevrolla? Jo, ifylgje framlegget skal lærarane no:
  • «Legge til rette for at elevene opplever motivasjon og mestring gjennom å medvirke i egen og andres læring.
  • Læreren skal sørge for at elevene får arbeide oppdagende og utforskende både selvstendig og sammen med andre.
  • Læreren skal ha jevnlig dialog med elevene om kompetansen og utviklingen de viser, og de skal sammen planlegge videre arbeid og progresjon i faget.
  • Læreren skal gi veiledning som motiverer til refleksjon og bearbeiding av elevenes egne tekster, og elevene skal arbeide systematisk med egenvurdering og tilbakemeldinger på medelevers muntlige og skriftlige tekster.»
Avgrensing av fridomen
Intensjonen om å skape ein skulekvardag med elevar som er kreative, utforskande og kritisk reflekterande, er god. Problemet er at premissane for denne intensjonen synest å byggje på mistillit til lærarane og manglande respekt for at læraryrket faktisk er ei avansert profesjonsutøving av ekspertar.

Det kjem fram av den metodikk-instruerande ordlyden «Læraren skal ...». For å finne liknande lærarinstruksjonar i gjennomført skal-form, må me attende til Mønsterplanen frå 1974 (eller kan hende heilt tilbake til Normalplanen frå 1939). I kombinasjon med forventingane om den sjølvstyrte eleven, utgjer dette ei avgrensing av metodefridomen og sjølvstyringa til lærarane.

Sjølvsagt endrar lærarrolla seg med samfunnsutviklinga, men det er uklokt av politikarar og byråkratar å forskriftsfeste korleis lærarane skal utøve yrket sitt. Framlegga til nye læreplanar undergrev med det autoriteten til lærarprofesjonen.

Det inntrykket eg sit att med etter lesing av framlegga, er at politikarar og byråkratar endå ein gong veit best korleis læraryrket skal utøvast. Ei slik haldning styrkjer neppe sjølvkjensla til lærarane, respekten for lærarprofesjonen og i siste ende kunnskapsskulen som veg til ei trygg framtid for elevar og samfunn.

Utviding av ansvaret
Av dei no «sjølvstyrte» elevane ventar dei same politikarane og byråkratane at dei skal ha jamleg dialog med lærarane «om kompetansen og utviklingen de viser», og dei skal saman «planlegge videre arbeid og progresjon i faget».

Det trur eg kan bli særleg krevjande for elevar som slit på skulen. Dei treng ikkje fleire vanskelege val, men tydelege vegvisarar og føreseielege rammer.

Dei flinkaste elevane har på si side ofte ein prestasjon–nytte-rasjonalitet med seg inn i klasserommet. Når dei skal gjere ein innsats, forventar dei at læraren gjer det mest relevante stoffutvalet for dei, at læraren bruker den mest effektive metodikken, og at læraren har lagt det strammaste løpet fram mot måla – dei vil rett til kjernen.

Både desse og dei elevane som slit, ynskjer seg effektive læringssituasjonar og vurderingar. Det får dei ikkje av å komponere «videre arbeid og progresjon i faget» frå eit à la carte-oppsett saman med tenande kunnskapskelnerar. Det får dei gjennom å fylgje faglege opplegg og tilvisingar frå kunnskapssterke og pedagogisk flinke lærarar.